Mette Bakketun inn som dagleg leiar i næringshagen
Leiaren i Aurlandskoen ønskjer å hjelpe verksemder i Sogn gjennom krisa.
Mette Bakketun, dagleg leiar i Aurlandskoen, vert dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage ut året.
– Midt i koronakrisen kan næringshagen spele ei enda viktigare rolle for næringslivet i Sogn. Me er mange verksemder som har det tøft no, og då er det stort behov for eit organ som kan bidra med å finne tilskot, krisemidlar og svare på spørsmål. Det er og viktig at vi får fokus over på utviklingstiltak for å komme styrka ut av krisen, og eg er klar for å bidra her, seier Mette Bakketun, dagleg leiar i Aurlandskoen.
Bakketun tek over leiarrollen frå Kristine Ohnstad, som går ut i permisjon for å fokusere på drift av Haugen Gardsmat. Bakketun skal leie Sognefjorden Næringshage fram til årsskiftet.
– Eg trur eg har god erfaring eg kan bidra med. Eg har vore med i styret til næringshagen sidan 2017 og har mellom anna erfaring innan reiseliv, leiarskap, sal og marknad. Ikkje minst erfarer eg jo krisa no i mi eigen verksemd.
Er sjølv permittert
Bakketun har vore dagleg leiar i Aurlandskoen sidan 2015. Då koronakrisen nådde Aurland, såg Bakketun seg nøydd til å permittere alle sine 5 tilsette. Sjølv vart stillinga hennes redusert til 40 prosent.
– Krisen trefte oss med ein gang. Me ligger i eit turistområde og har i høgsesong mellom 100 og 500 besøkande kvar dag. I tillegg har me fleire grupper på omvising i fabrikken. No er det ingen, fortel ho.
Men ho augnar håp. Nordmenn er ein stor kundegruppe, og Bakketun veit at dei har mange solidariske kundar. Dei handlar igjen og igjen. Dermed har Aurlandskoen fått i gang litt av drifta.
– No håpar me bare at nordmenn skal ferie i Noreg slik dei seier at dei skal. Me merker at etterkvart som landet opnar opp, så kjem det fleire nordmenn innom. Så får me håpe det fortsettar.
– Ein strukturert og tydeleg leiar
Det vil likevel truleg ta tid før Aurlandskoen er tilbake i full drift. Difor ser Bakketun ein god moglegheit å tre inn i stillinga som dagleg leiar i næringshagen. Som ein 60 prosent stilling, lar det seg kombinere med drift av Aurlandskoen no.
– Eg er allereie godt kjent med arbeidet næringshagen gjer, så eg kjem fort i gang. Eg trur òg at denne stillinga vil kunne hjelpe Aurlandskoen, så eg trur det er en vinn-vinn-situasjon.
– Me må prøve å snu oss om og stå saman gjennom næringshagen. Me kjem oss ikkje unna permitteringar, nedskjeringar, prosjekt som blir lagt på is. Mykje vil stoppe opp og gå nokon skritt tilbake. Men eg håpar me klarar å dra nytte av kvarandre og stå saman gjennom krisa.
Styreleiar i Sognefjorden Næringshage, Atle Stalheim, er ikkje i tvil om at Bakketun vil gjere ein god jobb:
– Mette har gjort ein strålande jobb for Flåm AS med Aurlandskoen, som har vore målbedrift i Sognefjorden Næringshage over fleire år. Ho kjenner både næringshageprogrammet og næringslivet på sørsida av Sognefjorden godt, og vi er sikre på at vi får ein rutinert, strukturert og tydeleg leiar ut året i Mette, seier styreleiar Atle Stalheim.