900.000 til verkemiddelkompetanse i Sogn og Fjordane

I samband med Covid19-utfordringane i næringslivet har Vestland Fylkeskommune lyst ut midlar til akutt-tiltak i næringslivet retta mot næringshagar og inkubatorar i fylket. Sognefjorden Næringshage fekk idag tildelt 900.000 til prosjektet Kapasitet og kompetanse til nye verkemiddel og omstilling i Sogn og Fjordane, som er eit samarbeidsprosjekt med Næringshagane i Nordfjord og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Prosjektet skal auke kapasiteten i, og levere kompetanse til bedrifter og næringsapparat gjennom krisetidene. Dette vil ein gjere ved å tilby individuell rettleiing og nettverksaktivitetar for bedrifter, og mobilisere dei til å dra nytte av nye og forsterka verkemiddel og tiltakspakkar.

Mobilisering og kontakt med bedrifter skal skje i tett dialog og samarbeid med kommunane sine næringsapparat. Det er ei målsetjing at vi og etter Covid19-krisa skal ha eit bredt, robust og utviklingsorientert næringsliv. Ein smidig, samordna, kompetent og relevant regional utviklingsstruktur er eit nyttig verktøy for å nå denne målsetjinga.

-Vi takkar for tilliten, seier styreleiar Atle Stalheim i Sognefjorden Næringshage. -Saman med våre gode samarbeidspartnarar i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Næringshagane i Nordfjord ser vi fram til å hjelpe bedrifter som har utfordringar. Saumlause utviklingsstrukturar er ei målsetjing for oss, og i dette prosjektet skal vi sameine kommunale, fylkeskommunale og statlege ressursar til beste for næringslivet vårt.

Forrige
Forrige

Mette Bakketun inn som dagleg leiar i næringshagen

Neste
Neste

Webinar: Kommunikasjon og programmatisk annonsering