BLI MÅLBEDRIFT
BLI MÅLBEDRIFT
Næringshageprogrammet er eit nasjonalt initiativ som gir små og mellomstore bedrifter i distrikta tilgang til kompetanse, nettverk og tilskot. Ved å bli ein del av programmet, får bedrifta di moglegheit til vekst og innovasjon gjennom tett oppfølging og tilrettelegging.
Kvifor bli med?
Tilgang til eit breitt nettverk av bedrifter og ressursar
Rådgjeving som er skreddarsydd dine behov
Tilskot og finansieringsmoglegheiter for utviklingsprosjekt
Kompetanseheving gjennom kurs, verkstader og seminar
Moglegheit for samarbeid og erfaringsutveksling med andre bedrifter
Kva får du?
Nettverk Vi har nettverk for fleire ulike bransjar der tilsette får moglegheit til å diskutere faglege utfordringar og moglegheiter med andre som jobber innan same felt. Målbedrifter får 25 prosent rabatt på dei ulike nettvarka.
Utviklingssamtale Som målbedrift i Næringshagen får de ein årleg utviklingssamtale med ei av våre rådgjevarar. Målet med samtalane er å legge til rette for utvikling av både målbedrifta og næringshagemiljøet.
Informasjon Målbedrifta får tilgang på relevant informasjon frå Næringshagen. Gjennom vårt nyheitsbrev og ekstra informasjon om kurs, studieturar og eventuelle finansieringsordningar vil de til ei kvar tid vere oppdatert på viktige fristar og arrangement som er relevant for di bedrift.
Kurs og studieturer Som målbedrift får de 25 prosent rabatt på kurs og studieturar i regi av Næringshagen. Gjennom utviklingssamtalane vil de få moglegheit til å komme med innspel på kva tema som er mest relevant for dykkar bedrift.
FUS Som målbedrift får de gratis tilgang til kontorfellesskapet FUS 5 dagar i månaden
Oppdrag Bestillingar av tenester frå næringshagen avtalast i eigne oppdragsavtalar. Som målbedrift får de 25 prosent avslag på kostnadar knytt til timar frå våre rådgjevarar, samt avslag på pris om det må hentast inn ekstern kompetanse.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat!
FAQ - Ofte stilte spørsmål
-
En næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftene tenester som bedriftsrådgivning, hjelp til utvikling av forretningsidéer, markedsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgaver til en subsidiert kostnad.
Næringshagen skal være en aktiv tilbyder og tilrettelegger av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt være en attraktiv møteplass og samhandlingsarena for bedriftene.
En viktig oppgave for næringshagene er å koble bedriftene opp til relevante fagmiljøer, FoU-miljøer, andre innovasjonsselskaper, investeringsmiljøer, samt offentlig virkemiddelapparat.
-
Næringshageprogrammet er eit tilbod til alle - både gründerar, nye og gamle bedrifter. Målbedrifter som samarbeider med Sogn Næringshage får tilgang til skreddarsydd rådgiving og rettleiing. Ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi saman kan auke verdiskaping i Sogn.
-
Verdien av teneste eller ytingar som blir gitt til målbedrifta gjennom næringshageprogrammet kan ikkje overstige 50 prosent av marknadsprisen på tilsvarande teneste. Det betyr at målbedrifta må betale ein eigenandel på 50 prosent av marknadsprisen for desse tenestene.
-
Målbedrifta skal sjølv vise initiativ og bidra til ei god utvikling av næringshagemiljøet. Programoperatøren skal ha utviklingssamtalar med målbedrifta årleg, og partane forpliktar seg til gjensidig informasjonsutveksling.Item description