REKO-ringen gav nye moglegheiter då Noreg «stengde ned»

Mariannes bakeri på rekoringen i sogndal.jpg

Marianne Bakeri & Kafe i Aurland har prøvt nye salsmetodar i ei vanskeleg tid.

Aurland er hardt råka av koronakrisa. Bygda, som vanlegvis tek imot over ein million turistar kvart år, er så og si tom for turistar. Det er ei usikker og vanskelige tid, på veg inn i det som vanlegvis er høgsesong.

– Me hadde 70 prosent lågare omsetnad i mars samanlikna med i fjor. Og sommaren blir heilt klart annleis enn i fjor, seier Marianne Holme.

Ho starta Mariannes Bakeri og Kafe på Aurlandsvangen for åtte år sidan. Dei sel økologiske bakevarar, med kafé på Aurlandsvangen. Vanlegvis er ho, som ho sjølv seier, «godt vand» med en jamn straum av gjestar. Bakeriet er prisgitt mange gjennomreisande, hyttefolk og turistar. I tillegg er det vanlegvis arrangement som årsmøter, konsertar, open scene og liknande på denne tida.

– Dette vart jo ikkje noko av i år. Sjølv hyttefolka forsvann. Men eg valte å halde opent heile tida, sjølv om mykje av landet stengde ned. Me måtte berre tenkje annleis og gjere nokre endringar, fortel Holme.

Margrethe Tokvam, dottera til Marianne, har organisert bestillingar og utlevering på REKO-ringen Sogndal.

Margrethe Tokvam, dottera til Marianne, har organisert bestillingar og utlevering på REKO-ringen Sogndal.

Testa REKO-ringen Sogndal

Ei av endringane var å bli med i REKO-ringen Sogndal. Dottera, Margrethe Tokvam, tok initiativet etter at ei tante i Sogndal mente dette var noko dei burde bli med på. Omlag annankvar tysdag stiller produsentar opp og sel varane sine på parkeringsplassen på Sjøkanten. I løpet av ein time deler dei ut varer som kundane har forhandsbestilt på Facebook. 

– Det er eit godt konsept og det passar oss veldig bra. I alle fall når dottera mi vil gjere dette. Eg bakar brød, ho styrer alt av bestillingar og har levert ut alt i Sogndal.

Mariannes Bakeri og Kafe har vore med tre rundar og dei har selt meir og meir for kvar gong. Sist runde, tysdag 5. mai selte dei 140 brød og 30 posar med rundstykke, omlag 80 søte bollar og vel 10 pizzabollar. Det er ingen liten produksjon for ein bakar og konditor i Aurland.

– Det har definitivt hjulpet oss å halde hjula i gong. Me har auka salet og fått fleire nye kundar.

Håper det har gitt ein smakebit

No er dottera tilbake på skulen, siste året på Firda VGS. Då spørs det om det er moglegheit for å reisa for utlevering, men Holme håpar dei kan finne ei ordning på det. Hu trur uansett det har gitt fleire i Sogndal ein smakebit som lokkar dei innom neste gang dei er forbi Aurland.

– Det er jo på kafeen dei får kjenne på atmosfæren og sjå alt det gode me har. På REKO-ringen har me berre selt eit lite utval. Kanskje folk i større grad ønskjer å ringe og bestille, og plukke opp når dei er forbi?

Mogleg samarbeid

Det er fleire verksemder frå Aurland som har prøvd ut REKO-ringen i Sogndal. Dei har òg gode erfaringar.

– Me snakkar om å samkjøre utleveringa av varar frå fleire verksemder i Aurland. Me ønskjer å få til noko der, slik at det blir lettare å delta, seier Kristine Ohnstad i Haugen Gardsmat, tidlegare dagleg leiar i næringshagen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nye koronatiltak frå regjeringa

Neste
Neste

Mette Bakketun inn som dagleg leiar i næringshagen