Kva moglegheiter og støtteordningar finst for di bedrift?
Siva-partnarane Inviro, Stryn Næringshage, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken Vestland har gått saman for å gjere det enklare for deg å finne fram til lokale, regionale og nasjonale verkemiddel.
Saman med Fylkeskommunen og SIVA tilbyr vi eit hjelpeapparat som skal finne løysingar og støtteordningar tilpassa dine behov under den pågåande covid19-krisa.
Alle selskap, uavhengig av bransje og problemstilling, er velkomne til å ta kontakt. Difor håper vi at du tek kontakt dersom du har spørsmål eller utfordringar. Vi er her for å hjelpe.