Vil skape vekst i lag

Næringshagane i Nordfjord (Stryn og Nordfjordeid), Kunnskapsparken i Vestland og Sognefjorden Næringshage møttest torsdag og fredag i Flåm for å utvikle tenestetilbodet for framtidas næringsliv. Dei fire organisasjonane har jobba saman dei siste åra for å utvikle ein smidig og samordna struktur under Siva-paraplyen i Sogn og Fjordane.

Samlinga i Flåm var den første kor dei 3 miljøa fekk samla alle sine tilsette. Samlinga danna eit godt grunnlag for vidare erfaringsoverføring og utforming av framtidige offensive planar.

Torsdagens program dreia seg om å orientere om dei ulike prosjekta som «partnerskapen» arbeida med, med eit særleg fokus på presentasjon av ansvarsområde og kompetanse. Som ein del av torsdagens agenda heldt Jan Heggheim frå Vestlands Fylkeskommune foredraget «Nettverket sett frå Fylkeskommunen i Bergen. Korleis ser den saumlause næringsutviklarstrukturen ut i framtida - Eit spanande og viktig innlegg for det vidare arbeidet til gruppa.

Som ein viktig del av turen fekk miljøet møte eit knippe målbedrifter i Sognefjorden Næringshage. Geitost-smaking i Underdal, ei flott oppleving på fjorden avslutta med nydeleg mat hjå Ægir, runda dagen av på ein utmerka måte.

Fredag var Aud Melås frå Flåmsbrygga og May Lene Steinheim Lunden invitert til å orientere om status for sine verksemder og utfordre næringshagane og Kunnskapsparken på kva det er viktig å arbeide med framover.

Samlinga vart avslutta med ein work.-shop rundt kommunikasjon leia av Jenny Staalnacke frå Stryn Næringshage. Samlinga vart avslutta med ei samstemd gruppe om behovet for ei ny runde work-shop om kommunikasjon og ikkje minst ei ny samling for vidare utvikling av samarbeidet.

Deltakarar på samlinga var:

Inviro (Nordfjordeid):

  • Arild Hjelmeland

  • Øystein Nes

Stryn Næringshage:

  • Torstein Tvinnerheim

  • Magne Wathne

  • Jenny Staalnacke

  • Knut-Henning Hjellbakk

Kunnskapsparken Vestland:

  • Jøril Hovland

  • Sigrid Førde

  • Roger Ulvestad

  • Hilde Grinde

  • Geir Opseth

  • Kjetil Kvåle

Sognefjorden Næringshage:

  • Line Bjelde

  • Torgeir Skålid

  • Mette Bakketun

Vestland fylkeskommune:

  • Jan Heggheim

Forrige
Forrige

Ny kompensasjonsordning for reiselivet

Neste
Neste

Kva moglegheiter og støtteordningar finst for di bedrift?