Stilling ledig: Dagleg leiar
Sognefjorden Næringshage AS er ein del av SIVA sitt næringshageprogram og landsdekkande nettverk av næringshagar, med mål om å skape eit levedyktig og framtidsretta næringsliv i distrikta. Programmet skal og bidra til styrking av fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør.
Vårt tilbod er først og fremst retta mot etablerte bedrifter som ønskjer vekst og utvikling. Vi er møteplassen for godt 30 målbedrifter i Sogn, med fokus på rådgjeving og kopling til gode kunnskapsmiljø for å styrke målbedriftene våre. Vi samarbeider tett med mange aktørar i verkemiddelapparatet, og har ulike prosjekt med regionalt fokus som går ut over sjølve næringshageprogrammet.
VI TRENG NY DAGLEG LEIAR, SOM SKAL:
Ha hovudansvar for utvikling og drift av eit attraktivt næringshagetilbod
Ha ansvar for ulike prosjekt og tiltak ut over sjølve næringshageprogrammet
Ha både den strategiske leiinga og delta aktivt i den operative aktiviteten
Bidra til vidareutvikling av næringshagen
Sørge for at næringshagen leverer i forhold til dei mål som blir sett
Ha det administrative ansvaret for selskapet
Vi søker ein samlande og tydeleg leiar som er synleg, utadvent og initiativrik. Ein som evnar å skape tillit, engasjement og motivasjon kring seg. Ein leiar som kan tilføre målbedriftene og nettverket vårt meirverdi, og som er strukturert og målretta.
Du må være fleksibel og mobil fordi vi har regionen som nedslagsfelt og samarbeider tett med mange bedrifter og ulike utviklingsmiljø, eksempelvis om etablering av næringshagetilbod i Sunnfjord kommune.
Vi kan tilby ein spennande, variert og utfordrande stilling med gode løns- og arbeidsvilkår.
Søknadsfrist 20 oktober.
Arbeidsstad: Med utgangspunkt i kontoret i Aurland.
Søknad med CV og referansar kan du sende til as@evospor.no.
Spørsmål om stillinga kan du rette til Atle Stalheim på tlf 91387546, eller Knut Helge Kjærvik på tlf 90739574 som begge er i styret til selskapet.