Studietur til Knutholmen
Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken Vestland har arrangert studietur til vakre Knutholmen og Kalvåg for Næringshagane og Inkubatorane i Vekst/i/lag. Vi hadde magiske dagar saman, der viktige tema som leiing, endring, kultur og samarbeid stod sentralt.
Tre av våre dyktige målbedrifter i Næringshagen region Sunnfjord fortalte si historie, og vi var innom både generasjonsskifte, suksesshistorier og ikkje minst snuoperasjonar. Takk til Even Halås Søreide, Joachim Vie og Jan Fredrik Fosse for deling av viktig og inspirerande tankar og historie. ALL IN Sigurd Granmark leverte som vanleg, og utfordra oss alle som ein. Motiverande å sjå at bedrifter på tvers av kommunar, næringahagar og bransjar fann slik glede i å lære av kvarandre, og at samarbeid verkeleg vart skapt på tvers. Saman er vi sterkare!
Målbedriftene som var med var:
Skjerjehamn
Sordal Aqua Service
Sordal Supply As
Dreng/Sunniva Skrede
Jølstramuseet
Jølstraholmen Camping og hytter
Total Data
Norse Feedback
Rastrum
Retrams As
Enivest AS
TA Balevik Solution
Fjordslottet
Dragsvik Fjordhotell
Arrangører var; Siva, Vestland fylkeskommune, Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Stryn Næringshage, Inviro, Klar Bedrift & Aksello.