Nytt kontorfellesskap opna i Aurland – Sognefjorden Næringshage på plass

Eit etterlengta kontorfellesskap har no opna dørene i Aurland, til glede for mange i lokalsamfunnet og nærområdet.

Dette nye tilbodet har vore i planlegging over fleire år, og med offisiell opning 7. november 2024 blei det endeleg ein realitet. Fellesskapet skal fungere som eit moderne arbeidsmiljø for lokale bedrifter, gründerar og prosjekt, og legg til rette for samarbeid og nettverksbygging på tvers av ulike sektorar.

Sognefjorden Næringshage arbeider for næringsutvikling i Sogn, og det nye kontorfellesskapet vil bidra til å styrke samarbeidet mellom ulike aktørar i regionen. Dette nye felleskapet legg til rette for at ulike næringar kan kome tettare saman og dele kunnskap og ressursar.

Har du spørsmål eller lyst til å høyre meir om korleis me kan hjelpe deg? Stikk gjerne innom for ein uforpliktande prat og ein kopp kaffe – dørene står opne, og du er hjarteleg velkomen!

Bård Basberg

Jeg flyttet til Sogndal som student og ble værende ved å skape min egen arbeidsplass. I jobben i Sogn Næring jobber jeg med nettopp dette - fremme regionen, og å få fremtidens gründere til å starte opp i Sogn!

https://sognnaring.no
Forrige
Forrige

Studietur til Knutholmen

Neste
Neste

Styrekurs i Sogndal 5. november