Studietur til England med Sogn frukt- og siderlaug

Herefordshire i England er kjent for sin rike sidertradisjon og frodige frukthagar. The Ciderologist, Gabe Cook tek oss med til sine favorittar blant sider- og perryprodusentar i regionen. Det blir god mat i samspel med god drikke, og mykje inspirasjon å ta med heim til Sogn.

Program og reiserute er skreddarsydd av Gabe Cook, som sjølvsagt også blir med som guide dei første tre dagane i hans heimregion Herefordshire. Han er ein prisvinnande siderekspert som brenn for å gje sider den respekten han meiner drikken fortener. Med erfaring frå heile verda bringer han med seg eit unikt perspektiv og ei ekte lidenskap for sider. Med Gabe som guide utforskar vi kulturen, historia og smaken av sider på ein måte som set seg både på smaksløkane og i minneboka.

Vi har base i Hereford, ein by sentralt i regionen. Den er kjend for å ligge langs elva Wye, og den store middelalderkatedralen Hereford Cathedral i lys stein. Ein by med brusteinsgater og hus i tømmer og stein frå 1700-talet, men også ein blomstrande scene for restaurant og matopplevingar. Desse kjenner sjølvsagt vår guide Gabe Cook godt, og vi et der han seier vi skal ete.

Vi skal besøke eit godt utval produsentar i området. Blant dei er Little Pomona, ein relativt ny aktør som allereie nyt høg annerkjennelse i Storbritannia. Dei er kjende for å bruke metodar frå vinverda til å lage sponangjæra og trafisjonelle siderar og perry. Den økologiske frukt- og siderprodusenten Newton court er kjende for sine gode besøksopplevingar og lunsjar med lokale råvare. Oliver`s cider & perry, Tom Oliver, er kjend for sine vågale villgjæra sidrar. Skitterys Orchard dyrkar og sel eple til fleire av dei store siderprodusentane, og lagar også sin eigen. Familieeigde Westons er den fjerde største siderprodusenten i Storbritannia, og miksar tradisjonell og moderne siderproduksjon. Ross Cider spesialiserer seg på å lage sider og perry av ein og ein sort, og har over 100 ulike variantar.

Den siste dagen på tur reiser vi vidare til Somerset, der dei er kjende for å lage sider på ete-eple. I Somerset besøker vi Wilkins Cider og The Newt, kjende for sine besøksopplevingar på den meir luksuriøse sida.

Turen er eit samarbeid mellom Sogn frukt og siderlaug og Sognefjord næringshage. Ein må vere målbedrift i Sognefjord Næringshage for å få rabattert pris (50 prosent) på studieturen. Målbedriftsavtale kostar 3000 for bedrift med 0-5 tilsette, og 5000 for bedrift med 6-20 tilsette. 

Pris per person i enkeltrom: 6000,- med målbedriftsavtale i Sognefjorden næringshage  (pris uten målbedriftsrabatt: 12 000,-)
Pris per person i dobbeltrom/twinrom: 4500,- med målbedriftsavtale i Sognefjord Næringshage (pris uten målbedriftsrabatt: 9 000,-)

Prisen inkluderer:

  • 4 overnattingar (inkludert frukost)

  • Transport på turen

  • Guiding v/ Gabe Cook

  • Alle aktivitetar og bedriftsbesøk

  • Lunsj x 3

  • Middag x3

Flybillettar er ikkje inkludert, og må bestillast av dykk sjølve så snart de får bekrefta plass på turen.

Er du frå ei verksemd utanfor Sognefjorden næringshage sitt nedslagsfelt? Ta kontakt, så ser vi om vi kan ordne ein avtale med din næringshage!

Påmelding innan 24. januar.

Meld deg på her!

Ta kontakt med Sigrid Skjerdal på Sigrid@sognnaring.no/41454344 om du har spørsmål om turen eller påmeldinga.

12.–16. mars 2025 

Dag 1 – Onsdag 12. mars 

Overnatting: Green Dragon Hotel, Hereford 

09:15: Avreise: Bergen Flesland med Norwegian  

10:15: Ankomst London Gatwick Airport, busstransport til Herefordshire (kjøp med lunsj til bussturen) 

13:30: Innsjekking på Green Dragon Hotel, Hereford  

15:00: Besøk på Cider Museum, Hereford 

16:30: Sightseeing i Hereford 

18:30: Middag på Burger Shop, besøk på The Barrels pub 

Dag 2 – Torsdag 13. mars 

Overnatting: Green Dragon Hotel, Hereford 

09:00: Besøk hos Little Pomona, siderprodusent 

09:30: Besøk til siderprodusenten Little Pomona 

12:00: Lunsj og besøk på Newton Court, økologisk sidergård 

14:00: Besøk hos Oliver's Cider & Perry 

18:00: Hereford beer house  

19:00: Middag på The Bookshop, Hereford 

Dag 3 – Fredag 14. mars 

Overnatting: Green Dragon Hotel, Hereford 

09:00: Avreise frå hotellet til Skittery's Orchards 

11:30: Besøk hos Westons, den 4. største siderprodusenten i Storbritannia. Framleis familieeigd. 

15:00: Besøk hos Ross Cider, epledyrkarar og siderprodusentar som spesialiserer seg på einskildsort sider og perry. 100 variantar 

17:30: Middag på Yew Tree Inn, pub driven av Ross Cider 

Dag 4 – Lørdag 15. mars 

Overnatting: Hotell ved Gatwick flyplass 

08:00: Avreise frå Green Dragon Hotel 

10.15 Besøk hos Wilkins Cider 

12:05: Besøk hos The Newt, omvisning på sider- og hotellområdet 

15:00: Avreise til flyplass-hotellet

18:00 Ankomst Gatwick airport hotel

Dag 5 – Søndag 16. mars 

09:15: Returfly til Bergen/Oslo 

 

Forrige
Forrige

Webinar: Kommunikasjon - Korleis motivera, involvera og rettleia?

Neste
Neste

Få fart på bærekraftsarbeidet - kurs våren 2025