Webinar: Kommunikasjon - Korleis motivera, involvera og rettleia?
Me inviterer deg til webinar om kommunikasjons- korleis motivera, involvera og rettleia?
Knut Ivar Karevold er organisasjonspsykolog med doktorgrad i åtferdsøkonomi, med brei erfaring innan leiar- og organisasjonsutvikling i både små og store verksemder. Han brenn for effektiv prosjektgjennomføring og god teamutvikling, og har hjelpt individ og team med å navigera komplekse endringsprosessar.
I dette webinaret vil Karevold forklara korleis ein kan kommunisera godt og effektivt for å motivera andre i teamet, skapa lagånd og auka gjennomføringsevna for verksemda. Deltakarane får praktiske verktøy for korleis formidla, involvera og rettleia.
I webinaret vil du læra korleis du kan kommunisera for å bli høyrd, og korleis kommunisera for å motivera andre tilsette til å involvera seg i utfordringane for verksemda.
Dette er eit nyttig webinar for alle som jobbar i team, og som ønskjer å utvikla relasjonen sin til andre i teamet.
Tid: 28.01.25 kl. 09.00-10.00
Påmelding: Påmeldinga er no stengd
Kva er KompetanseForum?
Kompetanseforum 2.0 er ein pilot for å utvikla kompetansehevande tiltak på tvers av alle næringshagane i Noreg.