Kompensasjonsordninga – redusert eigenandel og ny berekningsmodell for sesongbedriftene

Regjeringa gjer no endringar i kompensasjonsordninga for næringslivet. Eigenandelen for bedrifter som ikkje er stengt ned av staten vil bli halvert til 5 000 kroner frå og med søknaden for april. I følge Finansdepartementet vil det føre til at rundt 10 000 fleire bedrifter vil bli omfatta av ordninga.  

Det blir også jobba vidare med å få på plass ein ny berekningsmodell som gjer at kompensasjonsordning skal treffe sesongbedriftene betre. Desse bedriftene er ekstra sårbare for midlertidige omsetningstap dersom det skje i høgsesongen. Modellen er i følge regjeringa snart klar, og det blir lagt opp til ei samla etterbetaling for mars, april og mai.

Les meir på regjeringa.no

Forrige
Forrige

– Me har alltid sagt at det er lov å tenkje stort

Neste
Neste

Webinar: Krisepakker for næringslivet