– Me har alltid sagt at det er lov å tenkje stort
Printfarm i Utladalen har klart å bli eit leiande trykkeri i Sogn og Fjordane. Korleis?
Printfarm er ei verksemd med fire tilsette, som held til i Årdal. På få år har dei gått frå å handle inn 8 til over 40 tonn papir i året. Dei kan flagge med ein omsetning på 8 millionar kronar i 2019. Kva gjer dei riktig?
– Me har alltid vore nerdete. Me har lese bransjeblad og sett kva som skjer i bransjen. Det trur eg har hjelp oss. Utviklinga skjer så fort at man må tore å prøve nye ting og satse høgt, fortel Øyvind Aga, dagleg leiar i Printfarm.
Råka av korona-krisa
Det vart plutseleg bråstopp i mars, som hos så mange andre. Nesten heile gjengen vart permittert. Arrangement vart avlyst, verksemder stengd ned og trykkmateriell avbestilt. Heldigvis losna det litt over påske.
– No er det brukbart med bestillingar, så eg trur me skal greie oss bra, fortel Aga.
Med ein brei kundemasse og mange små kundar, kan dei sjonglere bestillingane noe. Nokre kundar vil truleg falle heilt bort, medan nokre får eit auka behov for trykkmateriell grunna koronakrisa. I tillegg har dei ein stor kunde som leverer jamt og trutt mot utdaningssektoren, og der er det ikkje stopp.
– I tillegg har det blomstra litt for lokalmat-produksjonen, og her leverer me ein del materiell, legg Aga til.
Frå små til store maskinar
I år er Printfarm 25 år. Aga har vore med i 20 av dei. Fem år før han starta, vart Printfarm (den gong Skivargaarden) ein butikk med kontorrekvisita - med kopiering på si. Etter kvart kjøpte dei eit trykkeri og utvida teneste. Dei siste åra har dei vorte eit reindyrka trykkeri, med fokus på digitaltrykk. No er dei eitt av veldig få nettbaserte trykkeri med produksjon i Noreg.
– Me har hatt greie visjonar heile tida. Me har alltid sagt at det er lov å tenkje stort. Så me har søkt dei beste løysingane for vår produksjon. Me har gått frå små maskinar til ganske store, fortel Aga.
Eit av «grepa» dei har gjort er å rigge produksjonen for å ta imot mindre, men langt fleire ordre. Trenden er endra, folk vil ikkje ha store opplag lenger. Dei sender mindre bestillingar, men bestiller gjerne oftare.
– Når ein driv med digitaltrykk, treng ein ikkje å tenkje store kvantum for å halde kostnaden nede heller, fortel Aga.
“Det er vel berre å halde hjula i gang og ta ein dag av gangen. Me ønskjer å behalde ulike typar kundar og har fokus på å gje ekstraordinær service. Og så må me berre fortsetje å utvikle nye løysingar og halde oss nerdete.”
Godt skodd for endring
Til påske i fjor flytta dei inn i nye lokale i Utladalen. 500 kvadratmeter til rådigheit. Dermed kunne dei optimalisere logistikken på trykking og få betre flyt. Alt har blitt meir effektivt og dei slepp i større grad i løpa frem og tilbake under produksjonen.
Dette gjer at bedrifta har vore godt skodd for endringar ei stund. Kanskje ikkje så store endringar som koronakrisen bringar, men Aga er ganske trygg på at endringane dei har gjennomført dei siste åra hjelper Printfarm heilskodd gjennom krisa.
– Me har òg hatt stor hjelp og tryggheit i krisepakkane frå regjeringa. Større maskinpark betyr faste utgifter som løper, men me er i tett dialog med banken, så eg er positiv. Og me jobbar stadig med å sjå etter moglegheiter framover, fortel Aga.
Yter godt av samarbeid
Printfarm har søkt og fått innvilga middel til bedriftsintern opplæring. Dei skal ha fokus på enda meir effektiv produksjon, med hjelp frå Årdals-bedrifta Sitep AS. Dei skal inn å drille dei på Lean-prinsipp og verktøy som 5S.
Printfarm er òg ein del av eit digitalt prentnettverk. Saman med Avery Dennison NTP og Digital Etikett i Gaupne skipa dei nettverket i 2018.
– Det har vore veldig lærerikt. Me har litt av dei same utfordringane og lik teknologi, så vi hauster erfaringar frå kvarandre, fortel Aga, som no håpar dei kan hauste erfaringar frå kvarandre også under korona-krisen.
– Det er vel berre å halde hjula i gang og ta ein dag av gangen. Me ønskjer å behalde ulike typar kundar og har fokus på å gje ekstraordinær service. Og så må me berre fortsetje å utvikle nye løysingar og halde oss nerdete.
Xerox-maskina kan trykke spesialfargar som gull, sølv, kvit og blank. Dette er unikt for digitaltrykkmaskiner (dette er ei av fire maskiner i landet). Maskina har vunne prisar for innovasjon. Foto: Printfarm