Sognekraft

Sognekraft-konsernet er eit energikonsern med mange dotterselskap som yter ulike tenester. Nokre av dei er:

Sognekraft Produksjon driftar og produserer fornybar energi. Selskapet driftar 22 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna byggjing av Feios kraftverk, som skal vera klar for oppstart av drift i løpet av hausten 2025.

Nettselskapet Sygnir eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjons­nett på 2500 km, med meir enn 13.900 kundar.

Sognenett er i dag den dominerande leverandøren av fiber- og internettenester til bedrifter og privatkundar i Sogn og leverer breibandstenester til over 9100 kundar. Dotterselskapet Sognenett IT leverer IT og kommunikasjonstenester til kundar i store deler av Sogn.

Sogn Utvikling er eit selskap som skal vere med på å sikre areal og leggje til rette for grøn industri i framtidas Sogn. Selskapet er ei satsing i samarbeid med eigarkommunane Vik, Luster og Sogndal. Målet er å skapa nye arbeidsplassar i regionen, basert på lokale og tilgjengelege kraftressursar.   

Besøk på nett: sognekraft.no

Telefon: 57 69 86 00

Forrige
Forrige

Sognefjorden Kaffibrenneri

Neste
Neste

Sogn Frukt og Grønt