BlueTech Vest

BlueTec Vest AS blei etablert som Solisi AS 19. mai 2020 med ein visjon om å vera leiande på energirådgjevnad, prosjektering og fagleg utføring av fornybar energi til både privat- og næringskundar i Vestland og Innlandet fylkeskommune.

 11. mai 2021 endra me namnet frå Solisi AS til BlueTec Vest AS på bakgrunn av eit sterkt samarbeid med BlueTec AS i Tønsberg som gjennom fleire år har opparbeidd seg god kompetanse på solceller.

BlueTec vest sin filosofi er at kunden skal vite at installasjonen er trygg. Me har difor gått saman med leverandørar som er ekspert på tak (Byggmester Rune Vikøren), elektro (Elektromontasje, Årdal Energi og Årdalsnett) og solcelleinstallasjon (Bluetec). Desse selskapa saman med teknologi- og innovasjonsselskapet Sitep er også BlueTec Vest AS sine eigarar.

Å selje solceller handlar mykje om å vere ein del av det grøne skiftet, å ha tru på framtida, om å vere eit godt menneske eller ei miljøbevisst bedrift, og i mykje mindre grad om å bli rik. Det var derfor viktig for oss å sertifisere oss som Miljøfyrtårn.

Besøk på nett: www.bluetecvest.no

Epost: post@bluetechvest.no

Telefon: 960 41 156

Forrige
Forrige

Balholm

Neste
Neste

Bøtun Gard