Hugs Utviklingskonferansen 22.11.2022!

Nærøyfjorden Verdsarvpark inviterer i samarbeid med Visit Sognefjord , Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage til dialogkonferanse tysdag 22. november kl. 08:30 – 15:30 på Fretheim Hotel: «Nærøyfjorden sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030 – korleis bli eit av verdas best tilrettelagte, mest lønsame og mest miljøvenlege reisemål, lokalsamfunn og verdsarvområde?»

Målsettinga med konferansen er å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring- og samfunnsutvikling.

• Korleis kan verdsarvområdet og denne regionen skilje seg ut som reisemål og ta ein endå tydlegare posisjon i eit framtidig reiseliv som Fyrtårn og Grønt Reisemål med reelt innhald?

• Kva kan gjerast for å styrke samarbeid og samhandling som kan føre til betre besøksfordeling i tid og rom, enno større lønsemd, enno betre miljømessig berekraft og enno betre opplevingar for gjestene?

• Kan Aurlandsfjorden/ Nærøyfjorden bli det fremste reisemålet for cruisegjester med redusert mottak av cruisebåtar?

Nokre sentrale diskusjonstema vil vere grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reisestraumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarvstatusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna? Utviklingskonferansen skal vere del 1 av fleire møteplassar for langsiktig, innovativ og berekraftig utvikling av verdsarvområdet som reisemål og lokalsamfunn. Det vert innlegg frå framoverlente næringsaktørar, sentrale politikarar og relevante organisasjonar i tillegg til rundeborddiskusjonar og diskusjonar i plenum.

Sjå heile programmet her:

Forrige
Forrige

Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring er med i det nasjonale Næringshageprogrammet!

Neste
Neste

Som ein forlenger av Næringskonferansen anbefalar vi Nynorske litteraturdagar 21.-22.10