Næringskonferansen i Flåm 17.-18. oktober

Etter eit vel gjennomført arrangement i fjor, er Næringslivskonferansen i Flåm tilbake og er bygd opp rundt to hovudtema, Kunstig Intelligens (KI) og Morgondagens leiing.

Konferansier Finn Tokvam vil leie oss gjennom to dagar med inspirerande foredrag, ispedd god underhaldning.

Eirik Norman Hansen er først ute på temaet KI. Han vil utfordre oss til å «sjå forbi det umiddelbare» og kva KI, robotisering og automatisering vil komme til å bety for oss menneske, for våre organisasjonar og for samfunnet vårt. Eirik Norman Hansen har lang erfaring som rådgjevar innan forretningsutvikling, digital strategi, kommunikasjon og sosiale medier og er ein mykje brukt foredragsholdar og konferansier når tema rundt betydningen av det digitale står på dagsorden.

 

Dag 1 av konferansen vil i tillegg by på ulike føredragshaldarar som vil gi oss eit meir praktisk innblikk i korleis Kunstig Intelligens kan brukast på ulike område i næringslivet.

 

Stig Erik Brekke frå Eika vil avslutte dag 1 med eit makroperspektiv på finans og økonomisk utvikling.

 

Briten Tim Browne startar dag 2 under tittelen «As we become more reliant on technology are we forgetting the art of communication?” Tim Browne har store kundar som Porsche, Diesel, Eurostar, Merlin Entertainments, Iconic Hotels og Chelsea Football Club i sin portefølje.

Av andre innslag på dag 2 kan nemnast Kjetil Myrland og Silje Guddal i Pwc som vil snakke om leiing anno 2024 under tittelen «Har vi det bra så gjør vi det bra»

 

Som tidlegare år blir det kåring av årets bedrift ,samt nokre nye priskategoriar, i regi av Sogn Avis.

 

Det blir sjølvsagt rikeleg tid til mingling, det blir underhaldning og mykje god mat.

Målbedrifter får dekka 25% av dagpakkane, kontakt Sognefjorden Næringshage på post@sognefjordennh.no for å få rabatt.

Forrige
Forrige

Årets studietur går til Kalvåg og Knutholmen 28.-30. oktober

Neste
Neste

Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 21. mai