Stengde lokale har gitt Idrettssenteret nye former for gruppetrening
– Me har klart å gjere treninga digital og flytta nokon timar ut i det fri. Det drar me nytte av no når treningssenteret opnar igjen.
Kolbjørn Rydvang er dagleg leiar for treningssenteret AS. Han har, saman med sine meir enn 50 tilsette, hatt ei stor utfordring dei siste månadene. Korleis tilby kundane trening når lokala må haldast stengt?
– Nettbaserte gruppetimar, utetimar og «PT ute» er konsept vi har kasta oss ut i. Det har vore veldig positive erfaringar. Eg trur både me og medlemmane har lært mykje, fortel Rydvang.
Han ynskjer å halde fram med dei nye treningsformene. Dei skal mellom anna fortsetje å ha nokon timar ute, sjølv om dei får lov å opne lokalane igjen 15. juni. Nettbasert trening har funne sin målgruppe, så her ynskjer dei òg å halde fram tilbodet til hausten.
Trur digital trening har komme for å bli
Med nettbaserte timar kan du nytte mobilen og trene der du er. Du melder deg på, får tilsendt id-møtekode og passord, og kjem rett inn i gruppetimen på Zoom. Du kan velje om du vil ha kameraet på under timen, og om du vil sjå instruktøren åleine eller alle som deltek.
– Dette treffer nokon målgrupper veldig bra. Til dømes dei som har born heime, som ikkje kan dra ut på kveldstid. Eller dei som er på hytta eller bortreist på ferie. Då er nettbasert gruppetrening eit supert tilbod, fortel Rydvang.
Terese Berger Henriksen er ein av instruktørane som måtte gjere timane sine digitale.
Terese Berger Henriksen er ein av instruktørane som gjort timane sine digitale. Ho innrømmer at ho var spent før fyrste time. Det var nytt å instruere føre ein skjerm. Men nå trur også ho at nettbaserte timar har komme for å bli.
– Det har gått over all forventning. Det har ikkje vore noko tull eller tekniske problem. Folk melder seg på og gir alt, sjølv om dei står heime i stova. Det har vore mellom 10 og 20 deltakarar på kvar time, fortel Berger Henriksen nøgd.
– Folk er ivrige. Dei nikkar og gir tommel opp undervegs. Og eg opplever at folk fortset å gi gass der dei gjerne ville ha gitt seg om dei var aleine. Så då funkar det jo.
Mange har valt å betale
Då koronakrisen slo til, måtte Idrettssenteret permittere fleire tilsette. Det vart fort 40 prosent nedgang i inntekter og framtida var usikker.
– Me måtte finne måtar å halde hjula i gong. Me har valt å sjå etter moglegheiter innan det rommet me fekk frå styresmaktene. Det er viktig at våre kundar held seg aktive og ikkje får stopp i treninga.
Rydvang er takksam for alle som har støtta dei. Få har valt å melde seg ut eller fryse medlemskapet. Mange har fortsatt å betale inn kvar månad, tross at tilbodet har vore lite.
– Då er det bra at me har klart å tilby dei noko. Både tilsette og kundar har lært å jobbe på ein ny måte. Det vil me ta med oss vidare, også når me får opne lokala igjen. Eg trur me vil ha ein mer fleksibel og variert måte å tilby trening på framover.
Treng møteplassen på treningssenteret
Sjølv om nettbaserte gruppetimar og utetrening har vore bra, trur Rydvang at den tradisjonelle saltreninga er noko folk saknar. Så no når dei opnar, forventar han at interessa for utetrening og nettbaserte timar vil falle.
– Eg trur medlemmane våre er svolten på å møte andre på treningssenteret. For mange er det ein friplass, der ein kan melde seg litt ut frå kvardagen og møte folk ein vanlegvis ikkje møter. Eg trur mange er understimulert på fysisk sosialisering.
Likevel trur Kolbjørn at erfaringane dei har gjort, gir dei et betre treningstilbod framover. Fleire av timane kan bli digitale, i ein meir profesjonell innpakning.
– Kanskje vi kan ha nokre faste timar me straumar direkte frå salen? Kanskje me tar nokon av timane ut når det er fint vêr? Me må finne balansen mellom tilbod og etterspurnad. Eg trur uansett at det har kome noko godt ut av at me vart tvungen til å tenkje nytt.