Reiselivet i 2020 – status og vegen vidare. Sjå arrangementet i opptak,

Quality Hotel Sogndal 30. september klokka 14:00. Fint om du gjer ein lyd om du kjem og gjerne inviterer kollegaer her.

Sjå arrangementet i opptak nederst på denne sida.

2020 har vore eit utfordrande år for reiselivet. Den utanlandske trafikken kom aldri, medan nordmenn kompenserte for fleire bedrifter, i alle fall i juli. Visit Sognefjord, Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring inviterer til oppsummering av 2020 for reiselivet så langt.

Kva er dei harde fakta om trafikken i 2020? Kva har fungert i sommar og kva har ikkje fungert? Korleis ser 2021 ut, og kva må vi gjere for å lukkast framover?

Du møter:

  • Jørgen Christian Lindstrøm, direktør Quality Hotel Sogndal

  • Siri Dalehaug, direktør Skjolden Hotel

  • Solrun Hjelleflat, CEO Aurland Ressursutvikling AS

  • Ståle Brandshaug, direktør Visit Sognefjord

I tillegg vert reiselivsaktørar i regionen utfordra til å kommentere undervegs.

Møteleiar er Line Bjelde frå Sogn Næring

last ned.jpg

https://www.facebook.com/events/2743376512613277/ Video: Kent Fimreite

Forrige
Forrige

Nå tilbyr vi næringshageprogram i Sunnfjord

Neste
Neste

Interregionalt samarbeid skal rigge for vekst etter krisa