Går inn i full stilling for å gi næringslivet eit løft

 
Mette Bakketun dagleg leiar.jpg

Mette Bakketun seier frå seg rolla som dagleg leiar i Aurlandsskoen og blir tilsett i fast stilling som dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage.

Mette Bakketun har leia Sognefjorden Næringshage sidan mai, etter at Kristine Ohnstad gjekk ut i permisjon for å fokusere på drifta av Haugen Gardsmat. No tek Bakketun over på fast basis, i 100 prosent stilling.

 – Til no har eg jobba både i Aurlandsskoen og i Sognefjorden Næringshage. Det har vore mykje jobb, så det skal bli godt å gå all in i Næringshagen, fortel Bakketun.

– Aurlandsskoen er òg målbedrift i næringshagen, så eg slepp dei nok ikkje heilt. Eg kan fortsatt hjelpe dei på eit strategisk nivå, på lik linje med alle målbedrifter i næringshagen, legg ho til.

Søkte på stillinga

Stillinga som dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage vart lysa ut i haust. Bakketun søkte og vart ei av fire som vart kalla inn til intervju. Bakketun er glad ho fekk tilbodet om stillinga, og seier ho har mykje å gje.

– Eg vil det beste for firmaet, så det viktigaste er at næringshagen fann rett person til jobben. Nå som eg fekk tilbod om jobben er eg veldig glad for det, eg hadde eit brennande ønskje om å fortsetja.

Bakketun synast det har vore veldig gjevande å jobbe med næringshagen. Ho har opparbeidd seg mange tankar om kva som kan gjerast vidare.

 –  Eg har møtt mange flinke folk, og mange som er flinke på forskjellige ting. Så eg er ikkje i tvil om at vi kan få til mykje bra gjennom næringshagen. Det er berre fantasien som set grenser, seier ho.

– Vi i styret er veldig glad for at Mette takka ja til jobben. Vi hadde mange gode søkarar til stillinga, men Mette sto fram som den beste kandidaten. Ho har relevant og brei erfaring, samtidig som ho har menneskelege eigenskapar som er viktig i jobben, seier Atle Stalheim, styreleiar i Sognefjorden Næringshage.

Ser på korona-konsekvensar med optimisme

Mange målbedrifter er hardt ramma av pandemien. Det må mykje omstilling og nytenking til for å redde arbeidsplassar og livsverk. Då er det godt å kunne få hjelp og rettleiing.

– Vi i næringshagen er der for dei som ønskjer ending med vekst. Vi kan ikkje trylle, men vi kan rettleie, hjelpe til med endringsstrategi, vere ein vegvisar, få til omstilling i lag med bedrifta. Vi veit kvar ein kan søkje om midlar og kva ein kan få hjelp til, fortel Bakketun.

Og leiaren har sjølv erfart pandemien, i drifta av Aurlandsskoen. Dei vart hardt råka med færre turistar frå utlandet og redusert etterspurnad frå forhandlarar. Men dei har hatt eit kanonår i år, utruleg nok. I juli hadde dei 82 prosent betre omsetning enn juli i 2019. Norske turistar får æra. 

– Vi har hatt besøk av mange nordmenn som legger igjen mykje pengar. Folk er meir oppteken av bærekraft. Så nordmenn har vore veldig flinke å besøke oss i år, heldigvis. Eg forlèt skuta heilt overtydd om at Aurlandsskoen klarar seg fint utan meg, fortel Bakketun.

No vil ho hjelpe fleire bedrifter. Ho har møtt bedrifter i sjokk og villreie, og ho har møtt bedrifter som sitter på idear om endringar dei har ønskje lenge, men ikkje hatt tid eller kapasitet til å gjere noko med.

– Nøkkelen er å finne ein eller fleire oppskrifter som fungerer for alle bedrifter. For nokon sit det langt inn å be om hjelp. Eg håpar vi kan hjelpe alle som vil ha hjelp, fortel Bakketun.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva moglegheiter og støtteordningar finst for di bedrift?

Neste
Neste

Ny kompensasjonsordning for reiselivet