Høgare verdiskaping for "SIVA-bedrifter"
Ein ny rapport frå Statistisk Sentralbyrå syner at inkubasjons- og næringshageprogrammene er effektive virkemidler for å oppnå vekst og verdiskaping i næringslivet.
Siva sitt næringshageprogram har som hovudmål å legge til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv. Programmet skal i tillegg være eit verkemiddel for fylkeskommunen og bidra til at fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vert styrka. Visjon i programmet er «Skape levedyktig og framtidsretta næringsliv i distriktene».’
Sognefjorden næringshage er eit fellesskap av bedrifter som arbeider for utvikling av næringslivet i regionen. I Sogn har vi samlokaliserte klyngemiljø i Aurland, i Gaupne og på Campus Sogndal, men næringshagen har og målbedrifter andre stader i regionen. Alle målbedriftene har tilbod om kontorfasilitetar og møterom i miljøa i Sogndal og Aurland.