Digital prosjektverkstad 2. november
Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor.
Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om forprosjekt og innovasjonsprosjekt, men også til kompetanse- og samarbeidsprosjekt.
I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt. Ein treng ikkje å ha delteke på dette for å vere med på prosjektverkstaden.
Arrangementet er digitalt.
Meir om prosjektverkstaden
Prosjektverkstaden består av to delar; sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.
Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.
Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.