Frukostmøte i Aurland tysdag 30. januar 8-10
Det er frukostmøte hjå Marianne Kafe tysdag 30. januar frå kl 08.00 - 10.00.
Tema for møte er :
Teknologi og digitalisering
Tilgang til rett og god kompetanse innan teknologi og digitalisering
Lean – kontinuerleg forbetring. Eit tankesett og ein metode for forbetring av kvalitet og resultat, med ein sterkare medverknad frå dei tilsette.
Me har fått med oss Frank Øvstetun frå Sitep i Årdal, og han reiser gjerne på bedriftsbesøk i etterkant av møtet, om det kan være aktuelt å få ein vurdering av moglegheitene til teknologi løft i eigne produksjonsrekker. Fleire lokale bedrifter i Aurland og Lærdal kan være aktuelle her. Tildømes ost/øl/kjøt/frukt/bær produksjon mm. Meld frå til Næringshagen om det er ønskje om bedriftsbesøk i etterkant av frukostmøtet.