Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning kan få kompensasjon frå staten

Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning (20 prosent i mars) som følgje av koronaepidimien, kan søke om støtte til uunngåelege faste kostnadar. Som uunngåelege faste kostnadar reknast leige av lokale, lys og varme, vatn og avløp, forsikring, leige av utstyr og transportmidlar, samt netto rentekostnadar.

Fall i omsetning i prosent tek utgangspunkt i tal for omsetning i mars månad 2020 og omsetning i mars månad 2019. Dersom bedrifta ikkje var verksam i 2019, skal ein legge til grunn eit gjennomsnitt av omsetninga for januar og februar 2020. 

Søknadsportalen skal etter plan vere klar til å takast i bruk 17. april. Søknadskjemaet vil du finne her: https://kompensasjonsordning.no/.  

Sjekk ut Deloitte sin guide til søknadar om kontantstøtte

Føretak som er pålagt å stenge ned

Føretak som er pålagt å stenge ned av staten, vil få dekka inntil 90 prosent av sine uunngåelege faste kostnadar per månad. Dette blir berekna slik: Reduksjon i omsetning x uunngåelege faste kostnadar x justeringsfaktor på 90 prosent.

Døme - Klinikk 10 A – pålagt å stenge av staten

omsetningsfall = 100 prosent
X
faste kostnadar = 76 000
X
90 %
=
68 400 

Føretak som ikkje er pålagt å stenge, men har reduksjon i omsetning  

Bedrifter som ikkje er pålagt å stenge, men likevel opplever reduksjon i omsetning på 30 prosent eller meir (20 prosent i mars), vil få kompensasjonen berekna slik:

Reduksjon i omsetning x (uunngåelege faste kostnadar – eigenandel på 10 000 kroner) x justeringsfaktor på 80 prosent.

Døme - Follo Catering AS - reduksjon i omsetning

omsetningsfall = 75 prosent
X
faste kostnadar – 10 000 = 140 000
X
80 %
=
84 400

Ordninga vil i utgangspunktet gjelde for mars, april og mai, og utbetalingane vil skje etterskotsvis basert på faktisk omsetning i dei aktuelle månadane.

Meir informasjon finn du her.

Forrige
Forrige

Utviklings- og kompetansetiltak kan bidra til at bedrifter kjem styrka ut av krisa

Neste
Neste

Regjeringa ynskjer å dekke faste kostnadar for bedriftene