Fjellpitch 2021
Har du ein god forretningsidé som du ønskjer å utvikle? Sogn Næring og Kunnskapsparken Vest inviterer til Fjellpitch 2021.
Kom og pitch ideen din og konkurrer om verdifull premie som kan hjelpe deg på vegen mot suksess! Du kan vinne:
10 timer rådgjeving frå forretningsutviklarar
3 månedar kontorplass
Kveldspass fredag til Fjellsportfestivalen
5000 kroner i gründerstipend
= verdi: 25 000 kroner
Premien i Fjellpitch gir deg moglegheit til å teste ut forretningsideen din utan risiko!
Tid: Fredag 26. februar 2021
Stad: Campus Sogndal
Søknadsfrist: 19. februar 2021
Program:
08:00 - 12:00: Frukost, inspirasjonsforedrag, pitchekonkurranse og kåring av vinnar!
Kvar deltakar får 5 minutt på å presentere sin idé. Dommarpanelet består av 3 dyktige fagfolk, og publikum er dei øvrige deltakarane og andre interesserte.
Har du behov for hjelp til å lage ein bra pitch? Kom til FUS på Fosshaugane Campus og sitt i lag med andre gründerar onsdag og torsdag (24. – 25.) og få hjelp frå forretningsrådgjevarar til å presentere ideen din. Eller ta kontakt med oss idag.
Offisiell kåring av vinnaren på Fjellsportkveld under Fjellsportfestivalen i Sogndal.
NB - kan bli endringar i programmet grunna Covid-19.